Vedtekter


§ 1 Føremål

Sykkylven Seniorakademi (SSA) er ein uavhengig, idéell organisasjon. SSA skal stimulere eldre og andre interesserte til å oppretthalde og utvide samfunnsengasjementet sitt og kunnskapshorisonten sin. Aktivitetane i SSA skal vere forelesingar, kurs, debattmøte m.v.

§ 2 Medlemskap

Medlemskap er ope for alle som er 60 år eller eldre, og som betaler medlemskontingent. Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet.

§ 3 Styret

Styret skal bestå av 5 - 7 medlemer. Styreleiar vert valt for eitt år. Dei andre medlemene for to år. Styret konstituerer seg sjølv og vel nestleiar, sekretær og kasserar.

Det vert valt to rangerte varamedlemer som vert valde for to år. Varamedlemene har møte-, tale-, og forslagsrett.

Styret har ansvar for dagleg drift og organisering av laget.

Styret sine funksjonar er mellom anna:

• Gjennomføring av dei vedtak årsmøtet gjer

• Programansvar

• Praktisk møte- og kursadministrasjon

• Kasserar-/ regnskapsfunksjon

• Referatskriving frå styremøte, informasjon til medlemer, informasjon til ålmenta gjennom pressemeldingar, møteannonsering og informasjon/referat til aviser mv

• Medlemskapsansvar (medlemsregister, medlemskontingent etc.)

• Drift av eiga nettside

• Førebu og gje tilråding i saker som skal avgjerast på årsmøte

Styreleiar saman med ein annan styremedlem forpliktar laget.

Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene, inkludert leiar/nestleiar, er til stades. Ved stemmelikskap har leiaren/nestleiaren dobbeltstemme.

Styreleiar kallar inn til styremøte så ofte det er behov for det, eller når det vert kravd av eit fleirtal av styremedlemene.

§ 4 Årsmøte

Årsmøte vert halde innan utgangen av mars, og vert innkalla av styret. Innkallinga, saman med sakliste, årsmelding og revidert rekneskap for føregåande år, og framlegg til budsjett skal kunngjerast for medlemene minst to veker før årsmøtet.

Framlegg som medlemer ønskjer skal takast opp på årsmøte må være sendt styret innan 10. januar.

Årsmøtet skal handsame desse sakene:

1 Val av møteleiar, skrivar og to personar til å underteikne protokollen

2 Årsmelding

3 Revidert årsrekneskap

4 Fastsetting av medlemskontigent

5 Budsjett

6 Framlegg til vedtak frå medlemene og/eller styret

7 Val:

a) Styre. Val av styreleiar, styremedlemer og varamedlemer (jfr §3)

b) Valkomité. Val av 3 medlemer til valkomité m/leiar, alle for 2 år

c) Revisor. Val av 2 medlemer som revisorar, begge for 2 år

§ 5 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert innkalla av styret, når minst 1/3 av medlemene eller styret krev det. Innkalling med sakliste skal kunngjerast for medlemene minst to veker før møtedagen.

Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame saker som er omtalt i innkallinga.

§ 6 Vedtektsendring

Endringar av vedtektene kan vedtakast av årsmøtet, eller ved ekstraordinært årsmøte, med 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemene.

§ 7 Oppløysing

Forslag om oppløysing av Sykkylven Seniorakademi må fremjast til årsmøte av minst 1/3 av medlemane, og må være sendt styret skriftleg innan 10. januar.

Oppløysing krev 2/3 fleirtal av dei frammøte medlemene på årsmøtet.

Ved oppløysing av Sykkylven Seniorakademi skal laget si netto formue gå til kulturelle formål i Sykkylven kommune, bestemt av årsmøtet.


Vedteke 31012020 – endra på årsmøtet 20. mai 2021