Sykkylven Senior-akademi

Sykkylven Seniorakademi er ei foreining som har til føremål å stimulere eldre og andre interesserte til å halde ved like samfunnsengasjementet sitt og utvide og utvikle kunnskapane sine. Dette vil verte gjort gjennom møte, forelesingar, kurs og ekskursjonar. Vi vil legge vekt på at inn­haldet i aktivitetane skal halde eit høgt fagleg nivå, og ha eit populær­vitskapleg preg.

Seniorakademiet har etablert samarbeid med Høgskulen i Volda (HVO) og NTNU i Ålesund. Vi har gjort det fordi slik kontakt kan bidra til å sikre og utvikle kvaliteten på aktivitetane våre.

INNKALLING ÅRSMØTE 2021

NB! NY DATO!

Sykkylven Kulturhus, torsdag 20. mai ca. kl. 14:15 (rett etter temamøtet)

Saker:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

  2. Val av møteleiar, skrivar og to til å underteikne protokollen.

  3. Årsmelding

  4. Rekneskap

  5. Fastsetting av medlemskontingent for 2022.

  6. Budsjett 2021

  7. Vedtektsendring: §1, 2. setning: «i Sykkylven» tas bort.

  8. Val