Referat 2021

Møte i Seniorakademiet om oppvekstvilkår

Torsdag 4. mars 2021 kl.12.00 på Sykkylven kulturhus, Tor-Johan Ekeland: Oppvekst i individualismens tid – utfordringar og dilemma

Publisert i "nyss" 8. mars 2021

https://www.nyss.no/nyhende/2021/03/08/M%C3%B8te-i-Seniorakademiet-om-oppvekstvilk%C3%A5r-23613047.ece

Foredragshaldar var Tor-Johan Ekeland, som er professor i sosialpsykologi ved Høgskulen i Volda. Til å begynne med ga Ekeland forsamlinga informasjon om den psykiske helsa til dagens ungdom. Det står ikkje så bra til, spesielt blant jenter: Ein av fire unge jenter er ofte deprimerte, og det har vore ein nærast eksplosjonsarta bruk av antidepressive middel blant dei. I ei undersøking blant studentar som vart gjennomført i 2010 svarte 16 prosent at dei hadde psykiske plager. I ei tilsvarande undersøking i 2018 hadde andelen nesten dobla seg.

Ekeland poengerte at dette har skjedd samstundes med at lærarar på alle nivå, og terapeutar, har understreka og fremma synspunkt og ideal om det frie og suverene individet som definerer seg sjølv og sin identitet, fri frå materiell og åndeleg tvang og autoritær barneoppseding. Ordet «barneoppdragelse» er avskaffa. No skal foreldra og andre autoritetar «forhandle», for det er så demokratisk. Tanken er at dersom barn og ungdom får lære fritt, uavhengig av autoritet og verdigrunnlag, så vil dei automatisk utvikle seg til sunne gode samfunnsmedlemer. Ekeland hevda at dette synet hadde spelt fallitt.

Ekeland meinte vidare at det som er nemnt ovanfor må forståast mellom anna ut frå djuptgripande kulturelle endringar som gjerne vert kalla «nyliberalisme». Den nyliberale kulturen inneber mellom anna at det har skjedd ein overgang frå at vi har vore borgarar til at vi no har blitt konsumentar (av offentlege tenster). Før hadde vi plikter overfor samfunnet, no har vi rettar. Det som før var sosiale problem er no individuell svikt. Der det før var politikk er det no terapi. Nyliberalistisk inspirert tankegang inneber mellom anna at den tradisjonelle vertikale relasjonen mellom unge og gamle er erstatta av ein horisontal relasjon, der foreldre er reduserte til å vere sine barns ‘likemenn’.

Ekeland meinte at den sterke understrekinga av individuelle val og ekstrem individualistisk teori, som mellom anna kjem til uttrykk ved at den einskilde sjølv må skape sin identitet, har skjedd på bekostning av ei gammal innsikt, nemleg denne: «Uten andre mennesker blir mennesket et monster.» Det var Aristoteles som sa dette, for 2300 år sidan.

Etter foredraget var det spørsmål og kommentarer.

Til trass for ski-VM på TV og dårlege føreforhold var møtet godt besøkt.

Årsmøte 2021

Protokoll

Temamøte om ytringsfridom

Utan ytringsfridom – ikkje noko trygt og godt samfunn

Professor Jan Inge Sørbø frå Høgskulen i Volda var på besøk i Sykkylven torsdag 20. mai 2020. På kulturhuset heldt han eit svært interessant foredrag om ytringsfridomen i Norge og verda.


I innleiinga trekte Sørbø fram tilhøva for ytringsfridom i verda og Norge, og peika på at tilhøva for ytringsfridom i Norge var vesentleg betre enn i verda elles. Han var svært tydeleg på at særleg i totalitære regime har ytringsfridomen tronge kår. Likevel var han kritisk til bruk hemmelege dokument og avtalar på mange område i samfunnet, til dømes tryggingspolitikken i Noreg. Han peika på at det derfor i Noreg er ein lite open diskusjon om dei faktiske tilhøva rundt utplassering av amerikanske soldatar og våpen på norsk jord, og noko ironisk nemnde han at den norske forsvarsministeren sine talar ofte var godkjende av Nato.

Det var særleg tre punkt han la vekt på som viktige for ytringsfridom:

  • sanning – utan ytringsfridom er det vanskeleg å vite kva som er sanninga om eit fenomen. Det er så grunnleggande at sjølv totalitære regime, som ofte legg vekt på eit høgt vitskapeleg og intellektuelt nivå, er opne for kritiske diskusjonar og ytringar rundt vitskapelege spørsmål.

  • autonomi – dersom mennesket skal kunne oppleve fridom og sjølvstende må vi kunne snakke ope om korleis vi skal leve. Det må vere ein open diskusjon om kva reglar vi skal leve etter, og kven som skal utforme reglane. Dei frie menneska må ver og utforme reglane.

  • demokrati – dette heng saman med autonomi. Berre gjennom fri meiningsutveksling kan vi forme det samfunnet som er til det beste for oss alle. Og det var særleg gjennom kritikken mot det kongelege eineveldet i Europa på 1700-talet at ideane om ytringsfridom slo rot, og som vart grunnlaget for demokratiet.

Grunnlova slår fast at “Ytringsfridom skal det vere” (den nynorske versjonen av Grunnlova). Tidleg på 2000-talet vart dette endra frå den opprinnelege formuleringa frå 1814 om at “Trykkefrihet skal finne sted”. Endringa peikar på at samfunnet har endra seg – på 1800-talet var det det trykte ordet som var gjeldande, medan i dag har ytringane mange ulike former.

Og nettopp gjennom det faktum at mange av ytringane har flytta seg frå det trykte mediet til sosiale plattformer på internett, har skapt utfordringar. Enkeltmenneske som ytrar seg på sosiale medium kan i lang større grad enn før bli møtt med ytringar snevrar inn ytringsrommet, og hindrar folk i å gi uttrykk for sine meiningar.

Hatytringar på sosiale plattformer som Facebook kan føre til innsnevring av ytringsrommet. Sjølv om Grunnlova seier at “Ytringsfridom skal det vere”, er det ikkje fritt fram å omtale personar i usømelege ordelag. Straffelova paragraf 185 gir forbod mot hatefulle ytringar. Likevel er dette eit fenomen som breier om seg, og er med og hindrar menneske frå å gi uttrykk for meiningane sine.

Krenking er eit omgrep som har breidd seg den siste tida. Den subjektive oppfatninga av å bli krenka kan hindre eller innsnevre ytringsrommet. Dersom mange, og særleg sterke grupper, seier dei blir krenka av ytringar, kan det hindre at det blir sett kritisk søkelys på enkelte fenomen.

Konsentrasjon av kapital og makt var og ein fare han peika på. Når kapital og ressursar styrer informasjonsstraumen kan det vere fare på ferde. Då er vi ikkje sikre på at alle samfunnsgrupper kjem til med sine synspunkt og meiningar. Døme på det kan vere at kontrollen over media vert samla på få hender.

Manipulering av informasjon i sosiale media har spela ei rolle nå viktige spørsmål skal avgjerast. Det er uheldig når sterke interessegrupper kan bruke sosiale media til å påverke spesielle grupper i viktige og avgjerande spørsmål, til dømes Brexit i Storbritannia og presidentvalet i USA i 2016.

Sjølv om Grunnlova gir rett og rom for ytringsfridom, må vi heile tida vere på vakt mot alt som hindrar ytringane. Ytringsfridomen sikrar eit godt og fritt samfunn.

I etterkant av foredraget hadde publikum høve til å stille spørsmål, og mange nytta seg av det..


Temamøte – Sjøfuglane og det marine økosystemet

Torsdag 3. juni avslutta Seniorakademiet i Sykkylven vårsesongen med eit foredrag om «Sjøfuglane si rolle i det marine økosystemet». Foredragshaldar var Alv Ottar Folkestad, og han gav dei frammøtte eit rikt foredrag om utviklinga av sjøfuglbestanden på Runde heilt frå dei fyrste nedteikningane på 1700-talet og fram til i dag.

Gjennom eit engasjerande foredrag viste han at endringane i sjøfuglkoloniane har variert sterkt i alle desse åra, og med vekt på endringane etter at det vart starta detaljert overvaking av bestandane frå tidleg på 1970-talet.

Endringane

På 1960-talet var Krykkja kanskje den mest talrike fuglen i fjellet på Runde. Det er estimert at det på den tida kanskje ruga nær 300000 par i fjellet. Etter den tida har det stadig gått tilbake, og 2020 var det rundt 300 par som ruga, og dei fekk berre fram nokre få ungar.

Den same dramatiske utviklinga har vi sett med omsyn til Havhest-bestanden. Medan det midt på 1980-talet var nær 5000 par som hekka i fuglefjellet, er det etter år 2000 berre observert sporadiske par som har hekka.

Den motsette utviklinga er det observert med omsyn til dømes Havsule og Storjo. Dei siste 20 åra har det blitt etablert store bestandar av desse fuglane, saman med mellom anna skarve-fuglar.

Desse endringane gir prov på at variasjonen i tilgangen på mat i havet er avgjerande for korleis sjøfuglane etablerer hekkekoloniar.

Økosystemet

Fiskebestandane og sjøfuglbestandane påverkar kvarandre gjensidig. Dei store koloniane som hadde tilhald på Runde i siste halvdel av 1900-talet, gjødsla havet og gav grunnlag for rike forekomster av overflatefisk. Når desse gradvis forsvann, truleg på grunn av beskatning, vart talet på sjøfuglar som levde av desse fiskeslaga reduserte. Dermed vart havet utanfor Runde tilført mindre næringsstoff frå fuglane, og fiskeforekomstane vart reduserte.

Storjo og Havsule beiter i mindre grad enn Krykkje og Havhest på overflatefisk, og har derfor framleis god tilgang på mat. Difor veks desse bestandane.

Matfat for sjøfugl i heile norskehavet

Havet utanfor for Møre har betydning for sjøfuglane i heile norskehavet. Ei Havsvale vart 21. august 1990 ringmerkt på Sunnmørskysten. Dagen etter, 22. august, vart den same svala kontrollert på Shetland der ho hekka og hadde ungar.

Foredraget gav på ein framifrå måte bevis på at havområda utanfor kysten vår er viktige for naturen, både til havs og på land. Vi har eit særleg ansvar for å ta vare på denne naturen.

Etter foredraget var det høve for publikum å stille spørsmål.