Referat 2020

Sykkylven seniorakademi har sitt fyrste møte om pandemiar

Tysdag 22. september 2020 kl 12.00 på Sykkylven kulturhus: Martinus Løvik: Pandemiar: Spanskesjuka og koronaepidemien. Lærdomar.

Referat kjem her....

Møte i Seniorakademiet om den religiøse utviklinga

Tysdag 20. oktober 2020 kl. 12.00 i Sykkylven kulturhus: Andreas Tjomsland: Utviklinga av det religiøse landskapet i Norge

Temaet for møtet var den religiøse utviklinga i landet dei siste hundre åra. Møtet begynte med eit kunstnarisk innslag ved ein av lærarane på kulturskulen, Ilona Lapinskiene, som spelte eit vakkert pianostykke for forsamlinga. Andreas Tjomsland, som er utdanna lærar og historikar, og som no arbeider med ei doktorgradsavhandling om utviklinga av indremisjonen på Sunnmøre, var møtets foredragshaldar.

I foredraget ga han eit grundig oversyn over utviklinga av det religiøse livet i Norge sidan reformasjonen og fram til i dag. Kong Kristian III bestemte i 1536 at den lutherske læra, som nesten ingen hadde høyrt om, og slettes ikkje visste kva var, skulle vere religionen i kongeriket Danmark/Norge. Og dette var religionen for kvar einskild innbyggar i riket, kvar einskild, for det hadde kongen bestemt. Dette var situasjonen heilt fram til 1845 då vi fekk ‘dissenterlova’, som gjorde det lovleg å etablere kyrkjesamfunn utanfor statskyrkja. Lova opna også for at ein kunne melde seg ut av statskyrkja utan å gå inn i eit anna trussamfunn.

I dei 175 åra som har gått sidan det har vorte lovleg å stå utanfor statskyrkja, har denne kyrkjas religionsmonopol vorte gradvis svekka, slik at det i dag er under 70 prosent av innbygarane som er medlemer i ‘Den norske kyrkja’, som statskyrkja no heiter. Mange lutherske og ikkje-lutherske kyrkjesamfunn har etablert seg som konkurrentar til den gamle statskyrkja.

Tjomsland samanlikna dagens situasjon med ein marknad. Ein ser tendensar til at folk søkjer seg til trussamfunn som gir mest hygge, trivsel og åndeleg utbytte, og der forkynninga har ei vinkling og eit innhald ein er komfortabel med. Delvis konkurrerer dei ulike trussamfunna med kvarandre om medlemer. Eit aukande antal har også meldt seg ut av alt som heiter religion, og nokre av desse har vorte medlemer i Humanetisk Forbund. Før hadde statskyrkja monopol på alt som fanst av religion i landet. No har det religiøse livet vorte noko som meir og meir liknar ein open marknad.

I den siste delen av foredraget sitt fortalde Tjomsland om utviklinga av bedehusstrukturen på Sunnmøre. Svært mange av bedehusa har gått ut av bruk, eller har svært låg aktivitet, dårleg eller ingen rekruttering og slit med å overleve. Medan det i år 1900 var to bedehus pr 1000 innbyggar på Sunnmøre, er det i dag berre eitt.

Det var ca 100 medlemer og ikkje-medlemer til stades på møtet. Sykkylven Seniorakademi har no 100 medlemer.

Møte i seniorakademiet om framtidsfullmakt

Torsdag 26. november 2020 kl. 12.00 i Sykkylven kulturhus: Tove Eikrem/Jorunn B. Fjeldheim: Ta styring over eigen alderdom – lag framtidsfullmakt!

Møtet begynte med eit kunstnarisk innslag ved ein av lærarane på kulturskulen, Nikolas Fehr, som spelte eit vakkert pianostykke, Edvard Griegs opus 57, ‘Gade’, for forsamlinga. Foredragshaldarane på møtet var Tove Eikrem som er jurist, og Jorunn B. Fjeldheim som er lege.

Nokre av dei poenga som dei gjorde greie for

Ved å etablere ei framtidsfullmakt kan du gi ein annan, eventuelt fleire, fullmakt til å handle på vegne av deg. Framtidsfullmakta trer i kraft dersom du i framtida ikkje skulle vere i stand til å ivareta dine eigne interesser på grunn av til dømes demens eller alvorleg svekka helse. På den måten kan ein få ei viss styring over eigen alderdom ‘på førehand’. Ei framtidsfullmakt gjeld til fullmaktgjevarens død.

Dersom ei framtidsfullmakt skal vere gyldig må ho tilfredsstille ein del formkrav. Ho må vere skriftleg, datert og signert og ein må ha to vitne til stades ved signeringa. Den som får fullmakta må vere over 18 år. For ektepar er det vanleg å gi framtidsfullmakta til ektefellen. Dersom ikkje det er aktuelt, kan også andre nære slektningar eller vener vere ‘framtidsfullmektig’.

Framtidsfullmakta er gyldig frå det tidspunktet fullmaktsgivaren ikkje lenger er i stand til å ivareta sine eigne interesser på ein tilfredsstillande måte. I ein del høve vil det vere behov for legeerklæring for å kunne avgjere det spørsmålet.

I tillegg til å innehalde punkt som har med fast eigedom og økonomiske forhold å gjere, kan ei framtidsfullmakt omtale løyve eller ikkje-løyve til organdonasjon. For mange vil det vere aktuelt å nemne korleis ein vil ha det med omsyn til spørsmålet om livsforlengande behandling. Ei framtidsfullmakt gjeld så lenge fullmaktsgjevaren er i live, og ho må takast vare på av fullmaktsgjevaren sjølv. Når fullmakta vert gjort gjeldande skal ho sendast inn til fylkesmannen for stadfesting.

Foredragshaldarane gjorde forsamlinga merksam på at det ligg mykje informasjon og rettleiing på nettstaden vergemal.no.

Etter foredraget var det mange i forsamlinga som hadde spørsmål og kommentarer til temaet.

I underkant av 100 personar var til stades på møtet.